A- A A+

Praktikantordninga

 Søknadsfrist 30. september 2019


Om praktikantordninga
Regjeringsadvokaten tilset kvart år fleire jusstudentar som praktikantar for om lag fem vekers opphald. Dette er ei ordning embetet har stor glede og nytte av, og som studentane også gir uttrykk for at dei set stor pris på.
Praktikantene får høve til å følgje fleire saker ved embetet, greie ut ulike juridiske problemstillingar, samarbeide med advokatane til dømes ved å delta i møte med klient, eller ved å følgje saka i retten. Studentane får høve til å praktisere det dei har lært på universitetet, og det er også ein fin måte å danne seg eit inntrykk av korleis det er å arbeide hjå Regjeringsadvokaten. Fleire av studentane som tidlegare har vore praktikantar, har seinare vorte tilsette som advokatfullmektigar ved embetet.

Når kan du søkje?
Vi har to tilsetjingsrundar i året, ein i september/oktober og ein i mars. Nærare opplysningar om søknadsfristane vil gå fram av annonsar og oppdatert informasjon på heimesida. Som utgangspunkt vil vi i september tilsetje for vinterhalvåret, medan vi i mars tilset for sommarhalvåret (med unntak av juli månad), men begge ”halvåra” kan strekkjast noko ut i tid. Vi prøver å tilpasse praktikantperiodane til eksamensprogramma til studentane, men kan diverre ikkje love bort nokon periodar i forkant. 
Vi publiserer stillingsannonsene i Stud.Jur., Injuria og Jus’t.

Neste frist er 30. september 2019.

Kven kan søkje?
Søkjarar bør ha fullført tredje studieår, med gode resultat. Praktikantordninga rettar seg berre mot studentar, ikkje mot dei som har fullført studiet. Studentar som er i avsluttande semester på søknadstidspunktet, vil difor kunne vere uaktuelle.

Korleis kan du søkje?
Vi føretrekkjer elektronisk søknad på Jobbnorge.no.
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/174196/praktikantopphold-hos-regjeringsadvokaten

Alternativt kan søknad sendast med vanleg post. Postadressa til Regjeringsadvokaten finn du her.

Fleire spørsmål?
Dersom dette høyrest interessant ut, eller du har spørsmål, kan du kontakte vår praktikantansvarlege.

 

Ane Sydnes Egeland
Ane Sydnes Egeland
Advokat
22990271
 
 
Arne Johan Dahl
Arne Johan Dahl
Advokat
22990208
 

 

 

 

  

 

 

FaLang translation system by Faboba