Om Regjeringsadvokaten

Bilde som viser regjeringsadvokat Fredrik Sejersted.

Regjeringsadvokaten er organisert som éin sentral instans med kontor i Oslo, administrativt underlagd Statsministerens kontor. Øvste leiar er regjeringsadvokat Fredrik Sejersted, som etter instruks for Regjeringsadvokaten er utnemnd av Kongen. Administrasjonssjef er Marius Ovesen. I tillegg er fire advokatar med leiaroppgåver med i leiinga.

Hos Regjeringsadvokaten arbeider om lag 50 juristar (advokatar og advokatfullmektigar) og 22 administrativt tilsette.

Hovudoppgåvene til Regjeringsadvokaten er å føre rettssaker på vegner av staten i sivile saker både for nasjonale og internasjonale domstolar, i tillegg til å gje fråsegner om juridiske spørsmål. Klientane til Regjeringsadvokaten er statlege organ, det vil seia regjeringa, departementa og deira underliggjande etatar.

Tidlegare regjeringsadvokatar

Regjeringsadvokaten er eit embete oppretta ved kongeleg resolusjon 28. mars 1816. Oppgåva skulle vera å føra sivile rettssaker for staten, og å gje råd til regjering og forvaltning om juridiske spørsmål. Den oppgåva ligg framleis fast. 

Opphavleg vart oppdraget som regjeringsadvokat gjeve til ein bestemt privat advokat. Først i 1962 vart embetet organisert som ein offentleg etat, med eigne tilsette. Dei siste tiåra har organiseringa vore som ein etat under kontoret til statsministeren.

Gradvis har embetet vakse. I dag er det 50 advokatar og 20 andre tilsette. Regjeringsadvokaten sidan 2015 er den tjuande i ei ubroten rekkje som går meir enn 200 år bakover i tid.

Bilde som viser en talestol.

Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne den eldre 

1816–1820

Jonas Anton Hielm 

1820–1825

Niels Aars

1822–1830

H. C. Petersen

1830–1837

Frederik Stang

1837–1839

Eskild Bruun

1839–1842

I. W. Skjelderup

1842–1859

Bernhard Dunker

1859–1870

Hans Christian Grønn

1870–1873

Christian Lasson

1873–1893

Johannes Bergh

1893–1904

Karl Lous

1904-1917

Annæus Schjødt

1917–1923

Kristen Johanssen

1924–1939

Valentin Voss

1939–1941

Henning Bødtker

1945–1962

Hans Methlie Michelsen

1962–1972

Bjørn Haug

1972–1993

Sven Ole Fagernæs

1993–2015

Fredrik Sejersted

2015–

Tildelingsbrev

Tildelingsbrev 2022 inkl. vedlegg 1, PDF – 365 KB

og vedlegg 2, PDF – 63 KB